Heim |  Pensjonatet |  Bilder |  Priser |  Kontakt oss
   

 
Pensjonatet
 
Eit lite , men koseleg hundepensjonat med lang erfaring og som set trivsel og omsorg i høgsete. Me tek oss god tid til kvar enkelt hund, går jevnleg på turar i tilpassa terreng og har lufting i luftegard i små grupper eller enkeltvis. 
Me har store hyblar / enkeltrom til kvar gjest.
Hundar kan vere svært ulike, så me passer på at alle vert fylgt opp med sine individuelle behov.
 
Vaksinering

Alle hundar må vera vaksinert med nobivac dhppi . Årleg vaksinering og seinast 2 veker før opphald på pensjonatet.
Dersom det er gått meir enn 1 år sidan sist vaksinering , må du venta 14 dg etter ny vaksinering før opphaldet hjå oss kan byrja. Det same gjeld også ved førstegongsvaksinering. Dette for å sikra og gjera det trygt for alle gjester ( hundar ).

Vaksinasjonsattest må bringast med.

Ta gjerne kontakt for ytterleg informasjon.
 
Dersom du vil kontakte dyrlege på Voss, kan eg anbefale Hestavangen Dyreklinikk .
 
 
 
  Voss Hundepensjonat - Ann Britt Almenningen - Tlf 95 884 689 - Epost annbrittalm@gmail.com  
      Rediger